-

Tenesteoversikt

Her finn du ein oversikt over viktige tenester for barn, unge og deira familiar i Austevoll kommune.

Frå 1. januar 2023 har Austevoll kommune har fått barnekoordinator.

Helsedirektoratet kom i september 2022 med ein ny Nasjonal rettleiar Samarbeid om tenester til barn, unge og deira familiar. Det står følgjande:

  • Familier som har eller venter barn med alvorlig sykdom, skade eller nedsatt funksjonsevne, og som vil ha behov for langvarige og sammensatte eller koordinerte helse- og omsorgstjenester og andre velferdstjenester, har rett til barnekoordinator.
  • Barnets eller ungdommens sykdom, skade eller nedsatte funksjonsevne kan være av somatisk, psykisk, fysisk, sosial, kognitiv eller sensorisk art.  

Les meir om barnekoordinator: Barnekoordinator – Helsedirektoratet. Meir informasjon kjem.

Barnevernet skal hjelpe barn som ikkje har det bra. Barnevernet skal bidra til at barn og unge får trygge oppvekstsvilkår. Er du bekymra for eit barn eller ein ungdom, skal du ta kontakt med barneverntenesta. Barn og ungdom kan sjølv ta kontakt med oss.

Barnevernet skal alltid tenke på kva som vil vere best for barnet, og jobbar etter «minste inngreps prinsipp». I praksis betyr det at dei aller fleste som får hjelp av barnevernet får hjelp og støtte i heimen. Dette kallar vi for hjelpetiltak, og det kan til dømes vere:

♦   Råd og rettleiing til familien
♦   Støttekontakt
♦   Foreldregrupper
♦   Økonomisk støtte til barnehageplass
♦   Økonomisk støtte til skulefritidsordning (SFO)
♦   Økonomisk støtte til fritidsaktivitetar eller anna
♦   Avlasting i helger eller besøksheim

Dersom denne hjelpa ikkje er nok eller problema til foreldra er for store, kan det vere aktuelt å plassere ungar utanfor heimen for ein kortare eller lengre periode. Overtaking av omsorg er eit alvorleg steg å ta både overfor barnet og foreldra. Det må derfor vere svært gode grunnar dersom dette skal skje.

Bør eg ta kontakt med barnevernet?
Som mor eller far er du kanskje redd for å kontakte barnevernet. Som lærar, slektning, nabo eller liknande er du kanskje usikker og redd for å blande deg inn. Dersom ein ikkje tek kontakt, kan resultatet bli at ungar og foreldre ikkje får den hjelpa og støtta dei treng, og som dei har krav på etter lova.

Ikkje ver redd for å ta kontakt med den lokale barnevernstenesta. Ring og fortel om problemet ditt eller uroa di. Fagpersonane frå barnevernet kan gje deg mange gode råd og tips om kva du kan gjere vidare, og om korleis dei kan hjelpe deg eller den du er uroa for. Synest du det er ubehageleg å kontakte barnevernet, kan sosiallærar, helsesjukepleiar, rådgjevar eller andre hjelpe deg med dette.

Her finn du skjema for bekymringsmelding til barnevernet for privatperson og for tilsett. Les meir om bekymringsmelding her.

Barnevernvakt – akuttberedskap

Austevoll barnevernteneste har avtale med Bergen barnevernvakt. Har du behov for råd eller hjelp etter barneverntenesta sine opningstider kan du få hjelp frå barnevernvakta på 55 36 11 80. Du kan også ringe barnevernvakta anonymt for å drøfte ei sak.

Tenesta er felles for Austevoll, Bergen, Bjørnafjorden, Kvam, Osterøy, Samnanger og Tysnes.

BUP er eit psykisk helsetilbod for barn og unge under 18 år.

Ein BUP er ein poliklinikk, eller enklare sagt ein stad der barn og ungdom får tilbod om hjelp med psykiske vanskar. At det er en poliklinikk betyr at du kjem til samtalar til avtalt tid, og går heim igjen etter samtalen. Du blir ikkje lagt inn på BUP.

På BUP kan du snakke om alt. Du kan snakke om mobbing, einsemd, konfliktar, problem heime, vanskelige tanker og kjensler, vonde opplevingar eller andre ting som er vanskeleg i livet.

Tilvising
Du kan ikkje ta direkte kontakt med BUP. Du må få ei tilvising. Det er eit skriv som forklarer kvifor du trenger hjelp. Det er som regel fastlegen som sender eit slikt skriv.

Kva skjer på ein BUP?

    • På BUP får du snakke med nokon som kan mykje om dei vanskane barn og unge ofte slit med. Dei fleste barn og ungdom kjem til BUP saman med foreldra sine første gongen.
    • Du får ein fast kontaktperson, som følger deg heile den tida du er i kontakt med BUP.
    • Utgreiing betyr å finne ut kva som plagar deg eller er vanskeleg. For å kunne hjelpe deg på ein god måte, må me først prøve å forstå kva som plagar deg eller er vanskeleg. Det kallast ei utgreiing.
    • Behandling betyr å hjelpe deg for at du skal få det betre. Når ein har funne ut kva du treng, startar behandlinga. Du og foreldra dine vil vere med og planlegge kva slags behandling du skal få. Du får vite kva som skal skje og kvifor. Du vil også bli spurt om du synest hjelpa verkar.
    • BUP samarbeider ofte med andre vaksne rundt deg, for at dei skal vite betre korleis dei kan hjelpe og støtte deg. Viss BUP har tenkt å snakke med andre enn foreldra dine, skal dei fortelje det til deg.
    • Du har alltid rett til å sei kva du meiner i saker som gjeld deg, og dei vaksne skal ta det på alvor.

Les meir om BUP Fana.
Dei har også informasjon tilpassa foreldre og fagpersonar.

Tenesta har hovudansvar for rehabilitering i kommunen, frå barn til vaksne og eldre. Dette skjer i heimane til folk, på helsehuset, ved fysikalske institutt, på skular/barnehagar og institusjon. Tenesta legg til rette for utlån av hjelpemidlar til kort- og langtidsbruk for alle aldersgrupper.

Fysioterapi
Fysioterapeuten har kunnskap om kropp, bevegelse og funksjon, og førebyggjer og behandlar sjukdom og plager i muskel- og skjelettsystemet. 

Ergoterapi
Ergoterapeuten hjelper menneske til å fungera optimalt i kvardagen når dei  har problem med daglege gjeremål på grunn av sjukdom, skade eller annan funksjonsnedsetting.

Ernæringsfysiolog
Ernæringsfysiologen har god kunnskap om samanhengen mellom kosthald og helse, og kan hjelpe til ved behov for rettleiing om kasthald tilpassa di helse og livssituasjon. Dette gjeld i alle aldersgrupper og livsfaser.

Tverrfagleg
Ergo
– og fysioterapitenesta deltek i ei rekke tverrfaglege team, og samarbeider med dei ulike tenestene i kommunen. Ergoterapi og fysioterapitenesta deltek i fleire ansvarsgrupper og arbeid med individuelle planar.

Alle som opplever vanskar, konfliktar eller kriser i familien kan søkje hjelp hos familievernet. Der får du tilbod om samtalar, rådgjeving og kurs. Familievernet tar imot einskildpersonar, par og familiar – også barn og unge.

♦  Familievernet krev ikkje tilvising frå lege eller andre
♦  Du kan sjølv ta kontakt for å gjere ei avtale
♦  Det er heilt gratis
♦  Familievernet har teieplikt

Det treng ikkje å vere krise for å komme til familievernkontoret. Det er klokt å ta tak i problem i familielivet tidleg. Nokre gongar er det lite som skal til for å få ein betre kvardag saman.

Mekling ved samlivsbrot: Alle foreldre med felles barn under 16 år må til obligatorisk mekling ved samlivsbrot. Målet med meklinga er å lage ei skiftleg avtale om samvær og etablere eit foreldresamarbeid som er til barnas beste. Barn har ei lovfesta rett til å bli høyrt, for eksempel i saker om kor dei skal bu. Det er derfor viktig å snakke med barnet før ei avgjerd blir tatt.

  Barn har etter Barnelova § 31 rett til å vere med på avgjerder.
  Barn har etter Barnekonvensjonen § 12 rett til å seie meininga si i alle saker som gjeld barnet, og meiningane skal leggjast vekt på.

Hugs: Barnet har en rett til å bli høyrt, og ikkje plikt til å uttale seg.

Familievernkontoret på Stord: Familievernkontoret for Austevoll ligg på Stord. Dei tilbyr samtalar på kontoret, på Teams og per telefon. Samtaleterapi for par og familiar er det vanlegaste tilbodet. Familievernkontoret tilbyr òg kurs og gruppeopplegg om aktuelle familie- og samlivstema.

Det er fritt valg av familievernkontor, som vil seie at du sjølv kan velje om du vil kontakte familievernkontoret som ligg nærmast heimstaden din eller om du føretrekkjer å dra ein annan stad. Nokre familievernkontor kan for eksempel ha spesielle tilbod som passar betre for deg.

Helsestasjon for ungdom er eit gratis tilbod for alle mellom 13 og 23 år. Du kan få hjelp og råd frå helsesjukepleiar, lege og evt. jordmor. Dei som jobbar der har teieplikt.

Døme på ting du kan ta opp:

♦   Seksualitet, prevensjon og samliv
♦   Spørsmål om kropp
♦   Menstruasjonen
♦   Forelsking og andre kjensler
♦   Seksuell legning
♦   Røyking, snus og andre rusmiddel
♦   Graviditet
♦   Problem på skulen eller heime
♦   Einsemd
♦   Etevanskar
♦   Psykiske vanskar
♦   Sjølvmordstankar
♦   Vonde opplevingar, til dømes seksuelt overgrep, vald eller sjukdom i familien

Helsestasjonen kan mellom anna hjelpa deg med:

♦   Samtale
♦   Gratis graviditetstest
♦   Gratis kondomar
♦   Sal av angrepille
♦   Prevensjon og prevensjonsrettleiing
♦   Testing av seksuelt overførbare sjukdomar
♦   Tilvisingar til andre instansar i helsevesenet

 

Helsestasjonen er eit gratis lågterskeltilbod for alle barn og foreldre. Helsestasjon følgjer opp barnet si helse, med fokus på fysisk, psykisk og sosial utvikling.

Helsestasjonen ønskjer å vere ei støtte for foreldre, gjere dei trygge i foreldrerolla og bidra til at barn får ein trygg og god oppvekst. Det innebærer at sjukepleiar gir foreldrerettleiing og snakkar med alle om mellom anna betydinga av samspel, ernæring, søvn og om rusmiddelbruk, vald og omsorgssvikt.

Konsultasjonen med helsesjukepleiar vil ofte bestå av kontroll av vekt og lengde, vaksinasjon, foreldrerettleiing, samtale om søvn og mat, samt rettleiing og samtale rundt utviklinga til barnet. Foreldrene kan ta opp det dei sjølv har behov for å snakke om. I dei fleste konsultasjonane vil helsesjukepleiar snakke med deg eller dykk om barnet sin:

♦   søvn
♦   kosthald
♦   trivsel
♦   samspel
♦   miljø og sikkerheit
♦   foreldra sin psykiske og fysiske helse

Jordmortenesta følger opp gravide under svangerskap, og møter familiane på heimebesøk etter heimkomst. Tenesta har vaktordning som sikrar god hjelp og oppfølging heile døgnet.

Jordmor sine oppgåver:

♦ Tiltak som fremjer god helse og naturlig utvikling av svangerskapet
♦ Sikre at du føler deg trygg i forhold til føreståande fødsel
♦ Sikre at du / foreldre får ein god start saman med det nye barnet
♦ Sikre at du er førebudd på barseltid og amming
♦ Sikre at du har kjennskap til dine rettar som gravid, fødande og barselkvinne.

Jordmortenesta samarbeidar tett med helsestasjon, legetenesta og avdeling for psykisk helse og rus.

Dei som føder kjem i dag tidleg heim frå sjukehuset. Dette krev meir oppfølging i heimen. Tenesta gir eit heilskapleg tilbod til dei som har født.

Austevoll kommune har kommunepsykolog. Kommunepsykologen arbeider både for å utvikle gode tenester for barn og unge i Austevoll, og med direkte og indirekte oppfølging i einskildsaker. Stillinga er fordelt mellom systemarbeid, arbeid retta mot barn og unge og arbeid retta mot vaksne.

Sentrale område for kommunepsykolog:

♦   Helsefremmande og førebyggande arbeid med psykiske helse
♦   Fag- og tenesteutvikling
♦   Rettleiing av tilsette som arbeider med barn og unge
♦   Behandling av lette til moderate vanskar hos barn og unge i einskilde tilfelle
♦   Behandling av lette til moderate vanskar hos vaksne i einskilde tilfelle
♦   Betre tverrfagleg samarbeid mellom tenester til barn og unge
♦   BTI-arbeidet
♦   Undervisning
♦   Foreldrerettleiing og pårørandearbeid
♦   Mellomledd mellom hjelpetenestene i kommunen og spesialisthelsetenesta (slik som BUP)

Kommunepsykolog: Jan Steinar Urdshals

Mange barn og unge opplever å være pårørende i løpet av oppveksten. Barn og unge (0-18 år) er pårørende når foreldre, søsken eller andre nære opplever helseproblem eller døyr. Helseproblem kan være psykisk sjukdom, avhengnad, alvorleg fysisk sjukdom eller skade. Det kan også være funksjonsnedsettingar.

Barn og unge blir påverka på ulike måtar når nokon i familien er sjuke eller døyr. Openheit og føreseielegheit er viktig for at barn og unge pårørande får moglegheit til å meistre situasjonen og leve gode liv.

Kontaktperson for barn som er pårørande i Austevoll skal sikre at barnet og familien får tilbod om heilskaplege og koordinerte tenester ut fra sine ønske og behov.

Kontaktperson for barn som pårørande har oversikt over aktuelle tiltak og hjelpeinstansar internt og eksternt, samt gode kunnskaper og ferdigheitar i barn som pårørende-arbeid.
.

Gode råd og nyttig informasjon

Nasjonalt kompetansenettverk for barn som pårørende (BarnsBeste) har utvikla informasjon, råd og tips om barn som pårørande til helsenorge.no. Her finn du oppdaterte tekstar om barn som pårørande til fysisk sjukdom, til psykisk sjukdom og til rusavhengnad i familien. Du finn også ein snakkeguide til kvar av dei tre kategoriane, med råd og tips for deg som skal prate med barn og unge pårørande.

Å kunne prate med barn om forholda vil kunne gi barn og unge rom til å forstå, meistre og handtere det de opplever, og ikkje minst gi barn og unge ord og omgrep som gjer dei i stand til å prate om det dei opplever.

Sjå også

Krisesenteret er eit tilbod til deg som er utsett for vald eller overgrep fra nokon i familien eller andre du har eit nært forhold til. Senteret tilbyr beskyttelse, råd og rettleiing til kvinner, menn og barn. Du treng ikkje vere i ei akutt krise for å få hjelp på krisesenteret.

Me veit at alle har individuelle behov i ein slik situasjon. Somme har behov for ein trygg stad å bu i ein periode, mens andre har behov for samtalar og støtte. Samtalar med oss kan gjennomførast over telefon, eller gjennom fysiske møter i trygge omgivnader.

Kva hjelp kan krisesenteret gi?

♦   Døgnopen telefon. Me er her når du treng oss
♦   Ein trygg stad å bu for føresett og barn om de treng beskyttelse
♦   Dagtilbod for deg som ikkje har behov for beskyttelse
♦   Informasjon om rettar, råd og rettleiing på telefon eller ved oppmøte
♦   Kartlegging- og støttesamtalar
♦   Hjelp til å få kontakt med hjelpeapparatet
♦   Hjelp til å få kontakt med advokat, lege, politi, sosialkontor eller andre
♦   Oppfølging etter opphald hos oss

Barn og ungdom på krisesenteret
Halvparten av brukarane på krisesenteret er barn og ungdom som kjem i følge med ein føresett. Me har derfor tilsett eigne barnefaglege miljøterapeutar som har lang erfaring med å jobbe med barn som har vore utsett for og/eller har vore vitne til vald. Barna vil få tildelt sin eigen primærkontakt under opphaldet. Primærkontakten tilbyr samtalar med barna åleine og/eller saman med den føresette. Me tilbyr også støtte og rettleingssamtalar til dei vaksne om å ivareta barnet.

Les meir om krisesenteret

Fastlege
Fastlegen skal følge opp helsa di. Han eller ho kan undersøke deg, gi deg behandling eller sende deg til ein spesialist viss du treng det. 

Legevakt dagtid
Har du skade eller akutt sjukdom som treng lege?
I kontortida kontaktar du Austevoll legesenter 55 08 10 50. Dette gjeld for alle som er i Austevoll, same kvar dei har fastlege. Ring helst på førehand slik at vi er klar til å ta i mot deg og du slepp å venta så lenge.

Utanom kontortid
Etter kontortid kan du ta kontakt på legevaktnummer 116 117. Tast gjerne 0, så 0 ein gong til og deretter postnummeret ditt for å vera sikker på at du kjem til rett legevakt.

Legane har heimevakt. Difor kan du ikkje berre møte opp på døra på kveldar og i helger. Du må ringa på førehand.

Er liv og helse i fare, ring 113.

Miljøarbeidartenesta gjev tilbod til personar med fysisk eller psykisk funksjonshemming.

Føremål med tenesta er at den einskilde får moglegheit til å leve og bu sjølvstendig og til å ha eit meiningsfylt og aktivt tilvære saman med andre.

Har du ei fysisk eller psykisk funksjonshemming og har behov for opplæring, rettleiing og praktisk bistand til å meistre gjeremåla i dagleglivet, kan du søke om slike tenester. Søknad vert handsama av tildelingskontoret.

Les meir Miljøarbeidartenesta – Austevoll kommune

PPT skal hjelpe skular og barnehagar med å legge til rette for barn og elevar med behov for særskilt tilrettelegging.

Barn som har behov for det, har rett til spesialpedagogisk hjelp. Det er PP-tjenesta som vurderer behovet. Vanlegvis er det barnehagen eller skulen som sender tilvising til PPT. Foreldra eller eleven må samtykke i tilvisinga, og barnet/eleven skal bli høyrt.

Etter at eit barn er tilvist, undersøker PPT kva behov barnet har, og utarbeider ei sakkunnig vurdering. Det vil seie eit dokument som viser om barnet treng spesialpedagogisk hjelp. Viss den sakkunnige vurderinga konkluderer med at barnet har behov for spesialpedagogisk hjelp, skal kommunen gjere eit vedtak om dette. Du har klagerett på vedtaket.

Spesialpedagogisk hjelp kan til dømes vere støtte til språklig, sosial eller motorisk utvikling, som er grunnleggande for barnet sin trivsel og heilskaplege utvikling. Den kan også være rettleiing til personalet i barnehagen eller skulen. Spesialpedagogisk hjelp kan omfatte bruk av alternativ og supplerende kommunikasjon for barn som ikkje kan kommunisere ved hjelp av tale. Foreldra skal alltid få tilbod om rådgjeving.

PPT gir råd til barnehagar og skular om tilrettelegging for barn, unge og vaksne med særskilde behov. Etter samtykke frå familien kan PPT samarbeide med helsestasjon, fastlege, psykolog, fysioterapeut, barnevern, tildelingskontor eller andre. PP-tenesta har teieplikt.

Eksempel på særskilde behov kan vera:

♦   Språk- og talevanskar
♦   Konsentrasjonsvanskar
♦   Sosiale- og emosjonelle vanskar
♦   Åtferdsvanskar
♦   Syn- og høyrselsvanskar
♦   Generelle lære- eller fagvanskar
♦   Lese- og skrivevanskar
♦   Matematikkvanskar
♦   Nonverbale lærevanskar

Les meir om tenesta

I Austevoll kommune er det fire barnehagar, fire grunnskular og ein vidaregåande skule.

Skular

♦   Selbjørn skule
♦   Storebø skule
♦   Kolbeinsvik Montessoriskule
♦   Austevoll ungdomsskule
♦   Austevoll vidaregåande skule

Barnehagar

♦   Bekkjarvik maritime FUS barnehage
♦   Sjøliv FUS barnehage
♦   Eventus Sol-li barnehage AS
♦   Storebø FUS barnehage

Skulehelsetenesta vil seie helsesjukepleiar på skulen.

Skulehelsetenesta er eit tilbod for alle mellom 5 og 20 år. Helsesjukepleiar har faste tider på kvar skule i Austevoll. Når helsesjukepleiar er på skulen er det «open dør», som vil seie at du kan ta kontakt utan å bestille time på førehand.

Hos helsesjukepleiar kan du spørje og snakke om det du lurer på. Du kan også ta kontakt dersom du har ein ven som treng hjelp. Skulehelsetenesta tilbyr også:

♦   Skulestartundersøking (i 1. trinn på barneskulen)
♦   Undervisning i grupper/klassar om blant anna fysisk, psykisk og seksuell helse
♦   Helsesamtale i 8. trinn
♦   Veging og måling
♦   Vaksinering

Les om skulehelsetenesta på HelseNorge
Les meir om skulehelsetenesta i Austevoll

Ung.no
Ung.no er det offentlege sin kommunikasjonskanal med ungdom. Dei svarar på spørsmål frå deg mellom 13 og 18 år. Nettstedet blir drive av Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir).

Her kan du spørje om kva du lurar på heilt anonymt. Du får svar enten direkte til deg sjølv eller så blir svaret lagt ut på nettsida.

Dei svarar på spørsmål om seksualitet, kropp, helse, graviditet, familieforhold eller overgrep. Du kan stille spørsmål og få svar på det meste. Du kan også lese andre sine spørsmål. Dei har helsesjukepleiar, legar, psykologar, jordmødrer, tannlegar, fysioterapeutar, prestar, ruskonsulentar og familieterapeutar som svarar for dei.

SnakkOmMobbing.no
SnakkOmMobbing.no er ei nasjonal chat-teneste for deg som er mellom 9–19 år. Her kjem du i direkte kontakt med ein fagperson – heilt anonymt og heilt gratis. Chatten er for alle som er berørt av mobbing – uansett om du mobbar andre, «berre» er tilskodar, eller vert utsett for mobbing sjølv.

Kors på halsen – Røde kors-telefonen 800 333 21
Kors på halsen er for deg opp til 18 år der du kan spørje om det meste. Du kan nå dei på telefon, e-post, chat eller i forum på nett. Dei som svarar er frivillige i Røde Kors med god opplæring i å lytte, snakke og støtte barn og ungdom. Dei har teieplikt om det du fortel. Både dei og du er anonyme. Det betyr at ingen veit kven du er eller kven det er som svarar.

Hjelpetelefonen er gratis å ringe til både frå mobil og fasttelefon. Den er open frå klokka 14 til 22 måndag til fredag hele året, medan chaten er åpen alle dager frå 14 – 22. Du er heilt anonym, og det visast ikkje på telefonrekninga at du har ringt.

Mental helse sin hjelpetelefon
Alle som vil snakke eller skrive om utfordringar i livet kan ta kontakt med Hjelpetelefonen. Dette er eit døgnope tilbod der ein kan snakke om enklare eller vanskelegare tema. Det er gratis å ringe 116 123.

Dei har også nettenesta sidetmedord.no.

Alarmtelefon for barn og unge
Blir du utsett for vald eller overgrep? Du kan ringe 116 111 eller chatte – heile døgnet, kvar dag. Alarmtelefonen er ei gratis teneste for barn og unge som er utsett for vald, overgrep og omsorgssvikt. Vaksne som er bekymra for barn kan også ta kontakt.

Kirkens SOS
Kirkens SOS tilbyr et lyttande medmenneske for menneske i krise på telefon 22 40 00 40. Du kan også chatte med dei på denne nettsida.

Sex og samfunn – senter for ung seksualitet
Sex og Samfunn har en chat der du stille spørsmål om det du måtte lure på om sex, seksualitet og seksuell helse. Til dømes prevensjon, seksuell trivsel og nyting, seksuelle grenser og overgrep, graviditet, abort, seksuell identitet, kjønnsidentitet… og alt anna som har med din seksuelle helse å gjere. Du er anonym og alle som jobbar på chat-tenesta er helsepersonell.

Ungdomstelefonen
Ungdomstelefonen (UT) er Skeiv Ungdom si hjelpeteneste på telefon, chat og melding. Det er eit tilbod til unge som treng nokon å snakke med om seksualitet, kjønn, identitet, legning, forelsking, aktivitetstilbud, sex eller kva enn du måtte ha behov for å snakke om. Tilbodet er drive av frivillige som sjølv har erfaring med å vere bifil, homofil, trans, lesbisk, panfil, ikkje-binær med meir. Dei frivillige har fleire kompetansehevande kurs. 400 00 777 er telefonnummeret.

Rustelefonen
RUStelefonen har ei anonym spørjeteneste kor du kan stille spørsmål om rus heile døgnet. Svara blir deretter lagt ut på heimesida. Der kan du også ringe 08588 eller sende sms anonymt.

BARsnakk – helt anonymt
BARsnakk er en chattetjeneste for deg som har en mor eller far, eller andre du bryr deg om – med rusproblemer. BARsnakk drives av organisasjonen Barn av rusmisbrukere.

Hjelpetelefon for seksuelt misbrukte
Du kan ringe gratis heile døgnet, alle dagar i året 800 57 000. Både barn, ungdom, vaksne og pårørande kan ringe. Du kan vere anonym om du vil. Meir informasjon på nettsida.

DIXI
DIXI er eit ressurssenter for voldtatte. Telefon dit er 22 44 40 50, Mobil: 930 58 070. Dei kan enten hjelpe deg direkte eller gi deg god hjelp med å komme deg vidare.

Røde Kors-telefonen om tvangsekteskap
Denne tenesta har telefonnummer 815 55 201, og blir driven i regi av Oslo Røde Kors Internasjonale Senter (ORKIS). Telefonen er open måndag til fredag mellom 9 og 16. E-post: info.tvangsekteskap@redcross.no.

SnakkOmPsyken.no
Chatten på snakkompsyken.no er for alle barn og unge mellom 9-19 år som har behov for å snakke med en voksen om vonde tanker eller følelser. Chatten er anonym og det er helsepersonell som svarer.

Austevoll kommune har ungdomslos.

Ifølge Regelverk for støtte til oppfølgings- og losfunksjoner for ungdom 2021 skal ungdomslos:

    • Gi ungdom tett og tilrettelagt oppfølging i form av motivasjonsarbeid og veiledning i og utenfor skolen og i overgangen mellom ulike faser i opplæringsløpet
    • Være tilgjengelig for ungdommene og tilstede på ungdommenes egne arenaer (skole, hjem og fritid)
    • Samarbeide tett med ungdommenes foreldre eller andre omsorgspersoner og bistå foreldre/ omsorgspersoner med å understøtte ungdommenes skolegang
    • Hjelpe og motivere ungdom til å komme i kontakt med hjelpetjenester som kan gi nødvendig hjelp
    • Samarbeide tett med skolen og andre virksomheter/tjenester og bidra til at hjelpen som gis er helhetlig og tilrettelag

Det er viktig for barn og unge at dei vaksne rundt får god hjelp og oppfølging når det trengs. Derfor har me samla informasjon om kven som kan hjelpe vaksne rundt barnet.

Legetenesta
Følgjer opp helsa og kan hjelpe vaksne med sjukdom, fysiske og psykiske helseplager. Legen kan også tilvise til spesialist eller andre hjelpeordningar i kommunen. Les meir

Psykisk helse og rusomsorg
Kan hjelpe vaksne med psykiske vanskar og/eller rusvanskar. Les meir

Solli DPS
Gir behandling til vaksne med psykiske lidingar. Les meir

NAV
Kan hjelpe vaksne med tema som handlar om økonomi og arbeid. Les meir

Flyktningkoordinator
Oppfølging av flyktningar krev godt samarbeid mellom dei ulike tenestene og einingane i kommunen. Inkludert flyktningkoordinator.

Barneverntenesta
Kan hjelpe vaksne med å gi god omsorg for barn. Les meir om korleis barnevernet kan hjelpe familien.

Familievern
Tilbyr rådgjeving og samtalar om kvardagsproblem, og når det er vanskar, konfliktar eller kriser i familien. Les meir

Helsestasjon
Følgjer opp barn og foreldre i alderen 0-5 år. Helsesjukepleiar kan gi råd og rettleiing til vaksne i foreldrerolla. Les meir

Skulehelsetenesta
Er eit tilbod til alle barn, unge og deira føresette. Helsesjukepleiar kan samarbeide med foreldre og gi råd og rettleiing. Les meir

Littsint.no – Sinnemestring for foreldre

Foreldrehverdag.no – Trygge råd til deg med barn